Jan Vos – kjettaren i europeisk barokklitteratur

Alt vitnar om det – dei grove andletsdraga, slik som dei er synlege på illustrasjonsbiletet i Dikt i samling frå 1726: Den stramme kjensle-lause og mursteinsvorne stilen, der kvart spor av finfølt tanke eller uttrykksmåte som kjenneteiknar store diktarar, er borte. Jan Vos var i det vesentlege ikkje meir enn ei munnfull oppøsing utan sjeleleg fundament. Portrettet hans fortel alt: Augo, der du ikkje finn eit snev av kjenslevarsemd eller intellekt, men som berre uttrykkjer ein plump sjølvnøgdskap.« Slik skildrar ein dekadent diktar ein annan dekadent diktar, symbolisten Willem Kloos (1859–1938) hadde lite til overs for barokkdramatikaren Jan Vos (1610–1667), ein diktar som ikkje berre har ei særstilling i nederlandsk barokk, men òg i europeisk 1600-talslitteratur i det heile.

Klaus Anders – Dikter

Pan

Fjella trengjer seg saman mot elva,
lauvet matt i vinden.
Torsten einar alt: vinstokkane, bøketrea
ved skrenten, på berget martra eføy,
kvefs, svaler.

Borte er gløden, lysta
i skuggen av våre famntak.
Frå den lammande stunda,
levande, spunne til eit kogger; torste
som plaskinga frå ei fontene på gardsplassen

Blomedyret i det iskalde Hyperborea – Elena Sjvarts på vitjing i Oslo

Elena Sjvarts, Elena Sjvarts, kor blir det av henne, undrast eg der eg stod og venta på den russiske poeten på Gardermoen lufthamn. Eg hadde høyrt og lese så mykje om henne, men enno ikkje møtt diktarinna frå St. Petersburg, i dag ein av dei meste kjende lyrikarane i Russland. Dette var i september totusen og fem. Ho var invitert til å lesa opp på ein litteraturkveld på Senter for frie kunster i Oslo, og leiaren av arrangementet, Håkan Sandell, hadde send meg av garde til flyplassen for å ta imot henne. På skjermen stod det meld at flyet var landa for over ein time sidan, og eg hadde sett mange russarar koma ut frå innkomsthallen. Koss såg ho ut? Nesten alle gjendiktingar av versa hennar til framande språk har det same ungdomsfotoet av henne til illustrasjon. Koss kunne eg kjenne henne att? Ho er vel høg og rank som ei Anna Achmatova, ei røynd og verdsvan forfattarinne som i sitt storsinn og si morsforbarming kom til å omfamne meg på ekte russisk vis. Ei kvinne van med å reise og stadig helse på nye folk. Eg må tilstå at eg ikkje var lite nervøs der eg stod og venta, over ein time på overtid.

Debatt: Wergeland og samtidspoesien

Wergelandåret har så langt vekt ordskifte om mangt som nasjonalskalden sjølv engasjerte seg i då han var i live: kontroversielle spørsmål innanfor samfunn, kultur og religion. Avisene er dagleg fulle av debattinnlegg med namnet Wergeland til overskrift. Men det rare er: Ingen har bruka den motsetningsrike samfunnsopprøraren som startpunkt for debatt på hans eigen heimebane, i poesien. Henrik Wergeland var trass i alt lyrikar. Grunnen er enkel: Norsk samtidspoesi er ikkje interessert. Samtidslyrikarane bryr seg korkje om store diktarar frå fortida eller nye røyster og retningar i samtida. Samtidspoesien interesserer seg berre for sin eigen navle – språket.