Drogar

I Edvard Munchs “Den Syge” står det eit glas raud væske. Det er laudanum, opium-tinktur eller opiums-vin, den gong sett på som ein medisin med lindrande verknad. Men ein skal ikkje langt attende i tid for å finne farmakopoeia der opium vart tilskrive lækjande kraft. Og ikkje berre opium, men ei rad andre hallusiongenar var etterspurde som mirakelkurar.

Farmasien har ikkje reint rulleblad, og “farmakon” tyder på gresk både gift og lækjemiddel – som Derrida vektlegg i publikasjonen “Dissemination” frå 1972. Den medisinske termen “droge” går gjennom tidlegmoderne fransk attende til mellomnederlandsk “tørr”/”tørka” handelsvare (droog = tørr), i motsetnad til ferskvare, og ordrota er opphavet til ord som druggist / drugs etc. Kolonialen byrja fylgjeleg som drogehandleri. Den beste medisinen fekk ein gjerne i tørka form frå eit ukjent og mystisk land i motsetnad til dei heimlege urtene som skarve spåkoner rådde over og ein fort vart lei av. Drogane hadde den føremunen at dei både var konserverte og konserverande. Verknaden er for så vidt lik den forførande krafta lykkepillene har i dag. Ingen veit kva den syntetiske, kvite og anonyme pilla eigenleg gøymer på, lykke og ekstase eller fortaping. Allereie Plinius i antikken åtvara veike sjeler mot upålitelege og griske drogehandlarar frå framande land.

I renessansen kunne ein kjenne den gode angen av eksotisk krydder på kilometers avstand frå heimkomande ostindiafarty dersom vinden var i eins favør. Et du ein heil muskatnøtt, skjønar du straks litt av motivasjonen bak oppdaging og kolonialisering – Europa var ute på ein “trip”. Drivkrafta for Columbus var trua på eit eksisterande jordisk paradis med fabeldyr, speseri og ungdomskjelde ein stad bak ufarande jungel i det forunderlege Austen, om dette austlege Andre no fanst i vest- eller austindia.

I droge-sortimentet fanst ikkje berre plantestoff, dei beste remedia var i regelen av mineralsk eller animalsk art, kvikksylv, moskus og ambra – det siste stoffet er kjent frå “Moby Dick”, stoff verdsette både i medisin, parfyme og aromata.  Og var du riktig så heldig fekk du tak i drogar frå “dyret med forstand”, den skapnaden som står nærast Gud, mennesket. Kjøp og sal av den døde menneskekroppen går i lag med handel i levande menneske attende til dei tidlegaste tidene. Relikviane er dei eldste drogane. Kristus vart guddomleggjord ved myrra, røykjelse og gull. Judas gjorde ein svært så dårleg drug deal då han selde Jesu kropp og blod for den ringe sum av tretti sylvpengar. I menneskeblodet finst kvinta-essensen.

Det beste alkymistiske middelet var kanskje den animalske drogen petroleum som har mange millionar års konserveringstid å vise til, og som var i ei eller anna form ettertrakta i oldtida. I byggjinga av mur og tårn i det gamle Babylon kom asfalt til nytte. Det eksklusive lækjemiddelet mumia som vart servert i pulverisert tilstand, var ikkje berre etterspurt på grunn av det organiske materialet, kjøt frå ein menneskegud, ein farao,  men òg drogane bruka i mumifiseringsprosessen, kostbar harpiks, balsam og asfalt. Petroleum er den dag i dag eit avhengnad-skapande smørjemiddel for samfunnhjulet. Dei mange narkomane i Oslo er eit spegelbilete på mikroplan av den norske samfunnskroppen som er rusa og avhengig av statolja.

For diktekunstens del har drogehandelen vore uunnværleg heilt sidan diktarprestar i oldtida apoteotiserte heltar og kongar med lukt- og røykoffer i ekstatisk tale eller bannlyste folk ved trolldom og galle. Dei eldste diktformene er lovprisinga og satiren, eller som sjangrane heiter etter sine farmasøytiske bestanddelar, virak og vitriol. Den mest effektive eviggjerande lovtalen var salving og balsamering, medan satire på latin tyder ein blanda matrett, ei farleg blanding i så høve. Men før diktaren var komen så langt, var det påkravd å setja sin eigen kropp i rett modus ved inntak av inspirasjonen ambrosia eller nektar. Dei lærde stridest enno om kva droge desse gudedrykkane refererer til, dronning Sabas olibanum, det no utdøydde, men i antikken svært så populære silfium frå Kyrene, som egyptarane jamvel hadde ein eigen hieroglyf for, eller rett og slett fattigfolks honning og olivenolje. Uansett, litt klassisk drogehistorie kan ein lesa om på denne informative internettbasen, her er renessansefarmasien i søkjelyset:

http://www.mhs.ox.ac.uk/drugtrade/index.htm

This entry was posted in Blogg.

One thought on “Drogar

  1. All of us h??e been recently playing ?oth iPhone ?nd iPad, and private c?mputer, ?nd ?e can easily sa? that this distinctions ?r? minimal Its true of which control cellular and fo?th to
    escape as well as to eat various other players is really a lot far better using a mouse t?an with
    a digital joystick ?ut otherwise, the particular adaptation ?f ?n iOS wa? ideal.

Leave a Reply

Your email address will not be published.