Innkjøpsordninga

Innkjøpsordninga er sereige for norsk litteratur – på godt og vondt. Om medlemene i ei av nemndene går frå å vera deskriptive – dvs. fylgje med på endringar og innovasjonar i litteraturen og verka stadfestande på domen hos fleirtalet av kritikarar i aviser og tidsskrift – til å vera normative og konserverande – motverke innovasjon og mangfald som har hausta ros av habile kritikarar, er innkjøpsordninga meir til stelp enn til hjelp for levande litteratur. Dagens medlemer av lyrikknemnda deler alle meir eller mindre ein postmodernistisk ståstad. Sjangerproblematisering og det ludiske er nøkkelord – men vel å merke det ludiske innanfor visse grenser, leik med sonetteforma er fy-fy. Vi har høyrt det før: Litteratur med “agenda” er skadeleg for sjel og sinn. Men når relativistane er meir fundamentalistiske enn dei med “agenda”, lyt dei føreta ei ny rekognosering i poesiens internasjonale landskap. Og for all del, ta turen denne gongen til eit anna land enn Sverige eller gamle bestefar Bernstein i USA. Om nokon har lyst til å lesa debatt om sernorsk statslyrikk og statskontroll, klikk vidare her:   

http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1697

http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1703

http://www.dagogtid.no/nyhet.cfm?nyhetid=1707

This entry was posted in Blogg.

Leave a Reply

Your email address will not be published.