Pan
Fjella trengjer seg saman mot elva,
lauvet matt i vinden.
Torsten einar alt: vinstokkane, bøketrea
ved skrenten, på berget martra eføy,
kvefs, svaler.
Borte er gløden, lysta
i skuggen av våre famntak.
Frå den lammande stunda,
levande, spunne til eit kogger; torste
som plaskinga frå ei fontene på gardsplassen
aukar, gane som papir,
aukar: blikket på elva,
øyane av mørktbrusande poplar,
krislande bølgjer, rop frå barna som nær breidda,
i skuggen av piletrea, trettar om ein gummibåt.
(Frå Mittag vorüber. Gedichte, 2003)
Istanbul
Blomane blæs bort, fruktene rotnar,
Klangane av spel i hagen blæs bort,
Rike, land og provinsar blæs bort,
Verda åt dei gudelege, ein valplass i bylgjer.
Eg Sofia, dotter av ein kristen kjøpmann,
Gifte meg med ein som ikkje vende attende,
Var ikkje med i folkeskriket
Som kravde fridom frå Den høge porten,
Fridom frå lekkjene. Vi levde
Ikkje serleg godt, men hadde halvvegs fred,
Fekk ikkje kryssa over Bosporos,
Men vi anda lell inn lufta hennar om kvelden.
Smerte, kva smerte stig i meg, når eg
Tenkjer på bløminga i hagane,
Augo som møtest på marknadene:
Utsprotten granatfrukt, søt og raud,
Røykjelse, når han strøymde gjennom kyrkja,
Tetna i lysstrålen som fall inn, fylte
Heile rommet med den gylne angen sin,
Og vandra i ein draum som alle drøymde.
Isak, ein son
Han batt meg fast, tvinga meg
Med skarpe tilrop i kne,
Drog fram dolken, eg høyrde
Klirret av klinga,
Eg såg henne blenkje, då
Lyddest røysta.
Men då røyken kvarv,
Gøymde han andletet sitt, kasta seg
I støvet. Andletet hans, eg såg det lell.
Av skam stivt og svart som fjellet.
Han greip om handa mi, då fyrst
Skjøna eg, kjeldene brast,
Dropane kledde seg i oske.
By under vatn
Forsøka på å dukka opp har stranda.
Høgt oppe høyrest båredraget,
Lys som skjelv i sine rørsler
Når meg her, men dimma, sløra.
Algetre på bakkeskrentar
Voggar, svagar med i straumdrag.
Vidare går trapper nedåt,
Smale gater, mørke kløfter.
Slapp eg berre denne pukkel,
Den som hindrar meg å sjå opp.
Eg må nøya meg med speglar,
Tenkja, drøyma, lengta lenge.
Frå Bei Potrelli. Gedichte, 2005
Tolkning: Eirik Lodén och Ronny Spaans
Klaus Anders, född 1952, tysk lyriker, bosatt i Neuwied. Senaste diktsamlingar: Mittag vorüber (2003), Bei Potrelli (2005). Han har tolkat den norske poeten Olav H. Hauge: Spät hebt das Meer seine woge (2006).