Språkdiktet kontra erfaringsdiktet

Siste utgåve av Vinduet er vigd poesi. «Finst det noko karakteristika for, eller hovudlinjer i, norsk poesi», spør Mazdak Shafieian utvalde aktørar i poesifeltet. I ein enkét freistar Bendik Wold, Karin Haugen, Nora Simonhjell, Paal Bjelke Andersen, Audun Lindholm og Gunnar Wærness svara på spørsmålet.

«Ubestemt form flertall» heiter Mazdak Shafieians introduksjon til enkéten. Vi arbeider ikkje lenger ut frå «den klassiske dikotomifabrikken: Å kritisere den ene definisjonen for så å etablere en annen», skriv han. «Tvert imot: Strategien har vært å la grensesonene i litteraturen smelte saman». Hovudlinene er flytande, dei går over i kvarandre. Alt er ubestemt og i fleirtal. Karakteristikken er fråveret av karakter.

Mazdak Shafieian held dette fråveret fram som ein kvalitet ved lyrikk. Men er det verkeleg det? «Poesien er et verksted for potensiell litteratur, en sprengt sjanger, et åpent felt, en polymorft pervers virksomhet, et mulighetsrom for å undersøke og synliggjøre hvor intimt omsluttet og formet av skiftende typer språk vi er», steller Audun Lindholm opp som ei mogeleg opning på enkétsvaret sitt. Men denne innleiinga vrakar han. Ho ville innebera ei parodisk skildring av norsk samtidspoesi som «ein utopisk litterær virkelighet». Om Lindholm vel ein annan innfallsvinkel, er påkallinga av den utopiske røyndomen likevel ein gjennomgåande tone i dei fleste enkétsvara. Lindholm talar sjølv om «refleksjonsprosessen og bevegelsespotensialet» i «konseptuelle litterære operasjoner».

Ein argumentasjon føreset haldepunkt. Ein god diskusjon er nemleg avhengig av at ein vågar innta «ståstader», det som Shafieian ikkje vil vita av. Finst dei ikkje, må ein ty til luftige og vage formuleringar. Ein fatamorganisk sjargong fyller dei teoretiske tekstane i samtidspoesien. Parodien til Lindholm skal vi difor ikkje avfeie så fort. Norsk samtidspoesi er eit polymorft perverst mogelegheitsrom av rørsler.

Idealet er det opne feltet. Eg vil hente omgrep frå den samtidige politiske diskursen for å nærme med problematikken. Den uforpliktande sinnelagsetikken, som den politiske venstresida har vorte skulda for, er nettopp det som kjenneteiknar norsk samtidslyrikk. Sjangeren er norsk litteraturs alibi for eksperiment og metalitterær refleksjon. I den «verkelege» litteraturen er det biografien og den dokumentarisk eller journalistisk orienterte romanen som opplever stadig større interesse. Der finst dei menneskelege røynslene. Der finst ikkje berre lesarane, men òg dei reelle samfunnsdebattane. Så lenge norsk litteratur held oppe dette skiljet, har bok- og forlagsbransjen reint samvit. Medan poetologiske seminaristar utfører den naudsynte skriftrefleksive syndeforlatinga i lukka rom, genererer pengeaktørane skruppellaust lesarar og sal på dei store bokmessene.

Ei hovudline i norsk lyrikk er i alle fall tydeleg. Den amerikansk-franske nyavantgardistiske «språkpoesien» – der poststrukturalisme og språkkritikk er nøkkelord – har hatt mykje å seia for norske diktarar. Lindholm legg ikkje skjul på denne kjensgjerninga i enkétsvaret sitt. Lindholm seier at Charles Bernstein, som blir rekna som far til LANGUAGE- poesien, «sannsynligvis [er] tiårets mest innflytelsesrike figur i skandinavisk poesi». Så lenge språkpoesien har overtaket, er lyrikken programmert til å vera mangfaldig. For sjølve konseptet til språkpoesien går ut på at han skal tala i ubunden form fleirtal. Då hjelper det lite å peike på – som svara gjer – mangfaldet av påverknader og uttrykk i norsk lyrikk. Det er nok med éi kjelde til dette mangfaldet.

Men debatt har det likevel vore. Bendik Wold gjekk til åtak på samtidspoesien i eit essay som stod på trykk i Prosa for tre år sidan. I enkétsvaret sitt hermar han misnøya si. Det er krinsen kring tidsskriftet Audiatur han er kritisk til: «Audiaturmiljøet har en særlig forkjærlighet for amerikansk language-poesi, som etter min mening representerer en tragisk innsnevring av 1960-tallets ‘åpne felt’». Det er ikkje tilfeldig at Wold nemner 1960-talet. Det er i dét tiåret han finn det metodiske grepet sitt. Poesien har ein «forpliktelse overfor den menneskelige lekedrift», er Bendik Wolds parole. Det nyenkle, warholske 1960-talet markerte eit brot med den alvorlege, eksistensielle og non-figurative 1950-talsmodernismen. Interessa for pop- og populærkulturen kjenneteiknar då òg profilen til det forlaget Wold jobbar i. I enkétsvaret etterlyser Wold difor mindre formalisme og fleire konseptuelle forsøk i poesien. Audun Lindholm refererer til debatten i svaret sitt. Han repliserer: «Men det var jo nettopp slike forsøk som kjennetegnet samtidspoesien».

Så var det ikkje så stor skilnad mellom formalisme og konseptualisme likevel. Konseptuell leik eller formalistisk språkeksperiment – dei er begge livsfjerne i den tydinga at dei ikkje ynskjer ein diktekunst som direkte engasjerer seg i livs- og samfunnsspørsmål.

Norsk poesi er som sagt ubunden form fleirtal. Det er det utopiske opne feltet som gjeld. Den sinnelagsetiske velviljen er stor mellom norske poesiteoretikarar. Og for å fylgje opp omgrepslånet mitt frå den politiske diskursen: Kvar er den konsekvensetiske vendinga? Kvar blir det av diktet som vågar tenkje kommunikasjon og pragmatisk la den språkfilosofiske problematikken liggje? Gunnar Wærness freistar i enkétsvaret sitt å koma med løysing på denne utfordringa på bakgrunn av det han kallar «henvendelsens problem». Wærness trekkjer fram diktaren Øyvind Rimbereid. Røysta hans er det verdt å lytte til, skriv Wærness: «Han vågar å stille nyttekrav til poesien, uten å slippe nyttekravenes eksesser med blikket. Han forbinder poesien med tilliggende uttrykksformer. Han forplikter diktene», og «han har gått litteraturoffentlighetens skole (der poesien har plikt til å være allmenn, men rett til å være fri) og svart på dens henvendelse».

Det nyaste nummeret av Vinduet vart lansert  måndag 3. oktober. Tidspunktet kunne ikkje ha vore betre. Oslo poesifestival går av stabelen no  8. til 10. oktober. På internettsidene inviterer festivalen til opplesingar, debattar, poesifilmvisning og musikk på Litteraturhuset, Caféteatret og i Fritt Ords lokale. På programmet finn vi mange spennande namn. Elo Viiding er eitt. Ho er omtala som Estlands vondaste poet! Dikta hennar er i stand til å gje lesarane eit blått auga, har ein kritikar uttalt. Ein annan utanlandsk gjest er Uljana Wolf frå Berlin. Poesien hennar utforskar «mulighetene og forutsetningene for språk og kommunikasjon, enten den er interkulturell, internasjonal eller mellommenneskelig», heiter det i presentasjonen på heimesida til festivalen. På programmet står det òg mange norske namn, som Pedro Carmona-Alvarez og Torgeir Skjerven. Det formmessige og tematiske mangfaldet som festivalen byd på, er ikkje til å tvile på. Men kvifor har ikkje festivalen same ambisjonsnivå som litteraturfestivalane i Lillehammer og Stavanger, kan ein få seg til å spørja når ein les lista over deltakarar. Kvar blir det av dei store internasjonale namna?

Mogelege trekkplaster kunne ha vore dansken Henrik Norbrandt, eller nobelprisvinnarane Seamus Heaney og Derek Walcott. Dei er alle aktuelle med gode diktsamlingar i år. Kva poesi skriv dei? Bøkene deira inneheld viktige menneskelege røynsler. Skal ein ta steget dit, må ein våge «stille nyttekrav til poesien». Motsetnaden til det utopiske språkdiktet er erfaringsdiktet.

(Dette er omarbeidd versjon av ein kommentar som stod på trykk i Klassekampen 7. oktober)

This entry was posted in Blogg.

2 thoughts on “Språkdiktet kontra erfaringsdiktet

Leave a Reply to Susanne Christensen Cancel reply

Your email address will not be published.