Debatt: Wergeland og samtidspoesien

Wergelandåret har så langt vekt ordskifte om mangt som nasjonalskalden sjølv engasjerte seg i då han var i live: kontroversielle spørsmål innanfor samfunn, kultur og religion. Avisene er dagleg fulle av debattinnlegg med namnet Wergeland til overskrift. Men det rare er: Ingen har bruka den motsetningsrike samfunnsopprøraren som startpunkt for debatt på hans eigen heimebane, i poesien. Henrik Wergeland var trass i alt lyrikar. Grunnen er enkel: Norsk samtidspoesi er ikkje interessert. Samtidslyrikarane bryr seg korkje om store diktarar frå fortida eller nye røyster og retningar i samtida. Samtidspoesien interesserer seg berre for sin eigen navle – språket.

I vår vart Paal-Helge Haugen intervjua i Klassekampen og spurd om kva han tykte om ung, norsk lyrikk: »Det skjer kanskje ikke så mye nytt«, svarar han, men er glad dei unge »stadig gjenoppfinner poesiens drastiske prosedyrer for å gå fri det sentrallyriske krattet vi må gå fri av. Det er en gammel kamp, men en flott kamp som må kjempes igjen og igjen« (Klassekampen, 12. mars 2008).

Denne kampen var Haugen sjølv deltakar i då han debuterte i 1960-åra, og han formar plattforma for den omfangsrike forfattarskapen hans i dag. Og Haugen får sagt det: Norsk poesi utviklar seg ikkje framover, men er attendeskodande, kjempar ein gamal strid »igjen og igjen«. Samtidspoetane er som dei døde krigarane i norrøn mytologi, einherjane. Dei vaknar til liv kvar morgon og kjempar den same kampen mot ein usynleg og oppdikta fiende – det sentrallyriske skrømtet. Det er leiken deira. Kvar kveld feirar dei med øl og mjød, for det er ein »flott kamp«.

Kva tyder no eigenleg »sentrallyrikk«? Då ein ung kritikar melde dei nye bøkene åt Haugen, skreiv han at »bøkene passer i det store og det hele inn i en sentrallyrisk tradisjon«. Kjende han ikkje til Haugens aversjon mot omgrepet »sentrallyrikk«? Neppe. Meldaren tolka det som noko positivt, dikt om dei sentrale tinga i livet – slik alle ville ha gjort i dag. Kven går og minnest ein strid som bar åt for snart eit halvt hundreår sidan?

I litteraturhistoria heiter kampen modernismedebatten. Han var hard og beisk då han gjekk føre seg. Motstandarar som Paal Brekke og André Bjerke fekk passet sitt påskrive, og få ville finne på å nytte poetikken deira som litterær norm i dag. Unge opprørarar, om det no gjeld Language-diktarar i Amerika eller franske Oulipo-medlemer, er i dag feira og etablerte forfattarar, mange i pensjonsalderen, sume jamvel avlidne, og dei litteraturpolitiske slagorda deira, det »konkrete« og »kvardagslege«, er »commonplace« i litteraturkritikken – i dag ikkje lenger i opposisjon til patos og høgstil, men i tevling med trivialismen i reklame og i media, kvardagsdyrking på sitt ekstreme.

Alt dette kan ein lesa om i tallause akademiske avhandlingar. Å bruke programmet deira som retningsline for ung, innovativ lyrikk er ingenting anna ein enn nostalgitripp. Som mange har påvist: Modernismen er ikkje noko naturgjeve fenomen, men ein konstruksjon med ulik tyding etter kva kontekst han viste seg i, og til liks med romantikk og realisme eit omgrep som ein skal stelle seg kritisk og reflektert til. Slik blir eit litterært straumdrag ført til endes. Heller ikkje modernismen hadde evig liv.

Norsk samtidspoesi fører ein forelda kamp. Han er utidsmessig og anakronistisk. Symptom på eit vakuum, ei interesseløyse, har smitta over på litteraturkritikken; han lid av skort på oppdatert utsyn og historisk orientering. Få er nyfikne på namn og retningar debatterte i andre land, til dømes Durs Grünbein, Jan Wagner, Derek Walcott, Gerrit Komrij, Elena Sjvarts, Derek Mahon eller Les Murray, lyrikarar som har lukkast med å revitalisere klassisk formspråk. I Fredy Neptune, nett omsett til norsk, tek Murray viktige grep attende frå romanlitteraturen, fantasien, dei kollektive referansane og det episke. Sume av desse lyrikarane blir rekna mellom kandidatane til Nobels litteraturpris, men blir sjeldan nemnde av norske kritikarar. Kvifor? Fordi dei kjem frå feil land? Tydelegvis er omgrepet samtid for kostesamt til å kunne brukast om alle. Norsk samtidslyrikk er mest samtidig når han er fransk eller amerikansk.

Ronny Spaans

Leave a Reply

Your email address will not be published.