Elena Sjvarts, Elena Sjvarts, kor blir det av henne, undrast eg der eg stod og venta på den russiske poeten på Gardermoen lufthamn. Eg hadde høyrt og lese så mykje om henne, men enno ikkje møtt diktarinna frå St. Petersburg, i dag ein av dei meste kjende lyrikarane i Russland. Dette var i september totusen og fem. Ho var invitert til å lesa opp på ein litteraturkveld på Senter for frie kunster i Oslo, og leiaren av arrangementet, Håkan Sandell, hadde send meg av garde til flyplassen for å ta imot henne. På skjermen stod det meld at flyet var landa for over ein time sidan, og eg hadde sett mange russarar koma ut frå innkomsthallen. Koss såg ho ut? Nesten alle gjendiktingar av versa hennar til framande språk har det same ungdomsfotoet av henne til illustrasjon. Koss kunne eg kjenne henne att? Ho er vel høg og rank som ei Anna Achmatova, ei røynd og verdsvan forfattarinne som i sitt storsinn og si morsforbarming kom til å omfamne meg på ekte russisk vis. Ei kvinne van med å reise og stadig helse på nye folk. Eg må tilstå at eg ikkje var lite nervøs der eg stod og venta, over ein time på overtid.
»Hello, are you Ronjy?«, kom det brått frå ein person med umiskjenneleg russisk aksent, ikkje framfor meg, men bak meg, under meg, ei lita spinkel svartkledd dame, som ikkje nådde høgre opp enn til brystkassa, med ein liten stram munn, små stikkande augo i raske rørsler, i det ho skulle til å tenne seg ein røyk. Sjvarts hadde gått rett forbi meg, eller snike seg ljodlaust lik ei ånd framom meg og funne vegen til næraste kafé. Ho var tydelegvis ikkje mindre nervøs enn meg. »It is not allowed to smoke at the airport«, åtvara eg henne etter at eg hadde svara stadfestande på spørsmålet hennar. Men det brydde ikkje ho seg om. Ho tende ein fyrstikke som loga opp med stor flamme og sette han mot sigaretten, det lyste infamøst opp i andletet hennar. Ikkje sidan Prometheus i løyndom overleverte elden til menneskerasen, hadde logar vekt så stor undring og age. Folk såg forstøkt og forskremd på oss. Best å koma seg bort frå lufthamna, tenkte eg. Så snøgt som råd viste eg henne vegen til flytoget. Då vi sat attved kvarandre i toget og ho merka at eg var minst like nervøs som henne, opna ho bagen og fiska opp ei vodkaflaske. Ho visste råd mot nervøsitet, og samstundes var det på tide med litt russisk generøsitet: »Drinjk and be my frienjd«, mana ho og trumpa flaska opp i munnen på meg før eg fekk sagt det minste »nei takk«. Eg tok ein ørliten støyt for skuld høflegheita, og hosta eit par gonger, for det var ein vodka med høg prosent alkohol. Folk gjorde store augo og kika rart på oss. Sjvarts lo godt og tok sjølv flaska og nærast tømde henne på ein blunk.
Framkomne i Oslo ville eg gje henne ei lita omvising før eg tok henne med til Munch hotel i Munchs gate. Men såleis gjekk det ikkje. Det var meir ho som omviste meg enn eg henne. Ho var godt inne i Knut Hamsuns litteratur, hadde lese han på russisk og lært namn og stader i gamle Kristiania utanåt, »Sult er den absolutte favoritten min«, fortalde ho meg. Ho sa namna på plassane før eg fekk rørt på tungespissen: Karl Johans gate, Stortorget, Vår Frelsers Gravlund, St. Olav kyrkje, Ullevålsvegen, St. Olavs gate og St. Olavs plass. Ho var svært glad over å kunne koma til ein by som sidan ungdomen hadde bode henne store leseopplevingar og innlevingar. Interessa for skandinavisk litteratur er lang i Russland. Ho nådde eit høgdepunkt kring førre hundreårsskiftet.
Oppe på hotellromet fiska Sjvarts opp fleire ting frå den vesle bagen sin. Ho hadde med gåver til alle som var engasjerte i opplesinga hennar, arrangørane som gjendiktarane: russiske kalendrar, små ikon og helgenbilete, bøker og hefte om poesi og byen hennar, St. Petersburg, utalige flasker vodka som ho på forunderlegvis hadde fått meg seg gjennom tollen, tobakk og sjokolade og godteri. Eg kjende meg som Luke Skywalker i Star Wars i møte med læremeisteren Yoda. Elena Sjvarts var lita og skygg på eit vis, men med uhorvelege kunnskapar om russisk og utanlandsk litteratur, eit utruleg minne og ein botnlaus bag og ei stor gjevmilde.
Kvelden etter las Sjvarts opp dikt for ein fullsett sal på Senter for frie kunster i St. Olavs gate 7. Dikta til den jødisk-ukrainske diktatinna er i nobelprisklassen og blir skildra som nybarokke komposisjonar og møtepunkt for vidt ulike impulsar. Historiske hendingar, religiøse symbol og refleksjonar og personleg-eksistensielle røynsler går saman og formar medrivande og forundrande leseopplevingar. Tilhøyrarane sat musestille i kjelleren på Senter for frie kunster, gripne av opplesingane hennar. Ho heldt ein ljosestake i den eine handa og song dikta manande fram, med den andre handa i gestikulerande rørsle, som ein dirigent som dirigerte koret sitt.
I 70- og 80-åra fekk Elena Sjvarts ikkje trykt dikta sine i Russland. I dag er ho ein av dei største lyrikarane og omsett til mange språk, mellom anna til norsk. Til opplesinga hennar gav Senter for frie kunster og Carl Forsbergs bokförlag ut antologien Det flammande världs-trädet med gjendiktingar av mellom andre Håkan Sandell, Annika B. Myhr og underteiknande. Opplesinga i Oslo vart samkøyrd med eit Sjvarts-arrangement i Bergen i regi av Bergen universitet. Like før jul, hausten 2007, kom eit utval til av dikta hennar på norsk, gjendikta av Jo Eggen, i lyrikkserien Stemmens kontinent på Cappelen forlag med tittelen Minne om ei underlig bevertning. Mange av dei mest kjende dikta hennar finst i desse to innføringane. Eggen har mellom anna omsett »Søppeldynga«, som er eit godt døme på dei underlege forteljingane ein finn hos henne, frå skildring av rusen av å drikke brystmjølk til lovsyngjing av det som ved fyrste augnekast kan synast bisarr og upoetisk, som temaet for det nemnde diktet:
Kor finn eg vel krefter til å synge om deg, fagre dynge!
Om korleis du ligg strødd mot solnedgangen med bustehovudet ditt
og i den tunge tunge vomma di
sett katten klørne som ein pianist i kjole og kvitt.
Kledd i rotne speglar over det heile, med sprekkar
der malurten veks høgt,
er du som Venezia, men endra betre, katten
syng gondoliersong så det søkk.
Elena Sjvarts høyrde til undergrunnslitteraturen i det gamle Sovjet. Men likevel er dikta hennar frigjerande tomme for tidsbunden politisk agitasjon og samfunnskritikk. Det er det religiøse og visjonære som er nerven i lyrikken hennar, og det gjer dei like aktuelle for menneske i dag som for tretti år sidan. Dei er likevel politiske i den tydinga at alt litterært og kunstnarleg arbeid har eit politisk aspekt ved seg, om så det ikkje kjem til uttrykk i ein eintydig partipolitisk bodskap. Det opposisjonelle ved undergrunnslitteraturen som ho var ein del av, låg heller i det at dei gjekk utanom dei stivna sosialistiske klisjéane åt statslitteraturen og søkte attende til ein visjonær mellomkrigslitteratur, sylvalderdiktinga som kommunistiske kulturbyråkratar hadde fått viska ut av historiebøkene. Marina Tsvetaeva og Osip Mandelstam var dei nye namna, medan ingen brydde seg lenger om den futuristiske pappskallen Majakovskij, som Josef Brodskij kalla denne feira sovjetkanoniserte lyrikaren, ikkje utan lidenskap og ærekjensle på vegner av diktekunsten, som er så typisk for russarane.
Men dikta hennar er ikkje visjonære i den tydinga at dei er reinska for attkjenning og daglegdagse tilvisingar. Russisk poesi går på tvers av skilje og littaturhistoriske liner som vi i Vesten er opplærde og disiplinerte i. Kvardagslege hendingar flettar seg saman med syner og openberringar: Ei barnvogn blir ein åstad for død og oppstode og føflekkane på huda åt diktar-eget blir eit astrologisk kart. Sjvarts eksperimenterer for å utvide erkjenninga av det realistiske, den reelle eksistensen vår, ho går aldri over i surrealisme. Den moderne lyrikken hennar er spleisa med ein versifikatorisk virtuositet. Ho dyrkar ein balansekunst som kjenneteiknar stor poesi.
Mange av dikta hennar har kontaktpunkt med det som den norske forfattaren Øyvind Rimbereid har omtala som »topografisk lyrikk«, ei dikting som har kulturell, historisk og geografisk lærdom knytt ein stad eller eit område som utgangspunkt. Han har forresten skrive eit langt forteljande dikt til heimstaden åt Sjvarts, »St. Petersburg-vatn«, den byen svært mange dikt hos henne krinsar om. Her er vi ved eit sentralt punkt ved poesisynet hennar, og ved all stor poesi: landskapet som uttømeleg kjelde til poetisk inspirasjon. Men Sjvarts og Rimbereid har mykje ulikt. Til skilnad frå sine skandinaviske diktarbrør er ho både meir hardkokt, med omsyn til den dramatiske og hendingrike soga åt St. Petersburg, og meir audmjuk, med omsyn til tru og tradisjon, til religiøse forteljingar og folkelege segner.
Interessa hennar for heimstaden må ikkje knytast til den romantisk-modernistiske førestellinga om landskapet som berar av ei indre uforløyst diktarånd eller av urørde barndomsminne – ein idé utbreidd i litteraturen. Det handlar om ei usentimental og klassisk-antikk tilnærming til landskapet. Sjvarts rører seg på overflata utan å bli overflatisk. Dikta hennar kan liknast med bilete, heraldiske og alkymistiske emblem og russiske ikon med symbol og teikn frå vår eiga samtid. Eit døme er diktsuiten »Usamanheng-ande forteljing om ei kommunal leiligheit« som dominerer i utvalet åt Jo Eggen. Husværet er eit bilete på byen St. Petersburg og buarane er tre menn frå ulike trusamfunn i byen, kristendomen, jødedomen og islam – eller jødisk kabbalisme og islamsk sufisme som den spiritualisme orienterte Sjvarts kallar det. Dikta hennar er rike på dulde referansar til mystikk og religion. Det gjev dei ein magisk dåm, stundom på grensa til det esoteriske.
Etter arrangementet på Senter for frie kunster gjekk vi ut i Oslos natteliv. Vi enda opp på Underwater pub ved St. Hanshaugen, der operastudentar syng opera på tysdagar og torsdagar. Det fall i smak. Den vesle Sjvarts, i den eine hjørnet av puben, reiste seg og jubla høgt etter kvart songnummer. Ho tala seinare på kvelden om russiske politikarar, dei nye bolsjevikane som har lite med den gamle kommunismen å gjera. Leiaren deira skreiv pornografisk litteratur i Frankrike i 60- og 70-åra, sa ho hånsk. Men samtala gjekk fort over til litteratur. Svjarts tala mest om yndlingane sine, Marina Tsvetaeva, Alexander Blok, Osip Mandelstam, Vladimir Chlebnikov og Boris Pasternak, for den sistnemndes vedkomande er det særleg den tidlege lyrikken hans ho likar. Michail Kuzmin var ein annan poet som etter hennar meining var verd å merke seg. Nobelprisvinnarane Josef Brodskij og den polske Czes?aw Mi?osz hadde ho derimot liten sans for. Vi spurde henne om det spirituelle, og ho greidde ut om si kristeleg-åndelege livsåskoding. Ho fortalde at ho trur på Gud og Jesus og på ånder som gode vesen, men hevda at dei likevel er bortanfor den tradisjonelle skalaen god-vond. Om eit helvete er til ville Sjvarts ikkje gå inn på, men eit paradis meinte ho finst. Tankane hennar om litteratur kunne for oss somtid verke bastante og fikse. Gjendiktingskunst har ho ikkje hadde noko som helst tru på, fortalde ho oss. Den russiske byrgskapen som ho er talsmann for, er då heller ikkje ukjend for oss. Russiske diktarar har måtta slåst for diktekunsten sin i sensurtider og er fylgjeleg svært ærekjære på vegner av ånd og poesi. Standpunkt i Vesten, eller postmodernistiske »anti-standpunkt«, imot dogme og aksiom, imot agendaer, som paradoksalt nok kan te seg meir dogmatisk i sin anti-dogmatisme enn dei gamle dogmatismane, fell på steingrunn i møte med tankar og meiningar hos ein person med slike livsrøynsler i ryggen.
Men sambandet mellom norsk og russisk kulturforståing sluttar likevel ikkje her. Skandinavar kan kjenne oss att i førestellingsverda til den peterburgske volva. Vi nordbuarar er høyrer etter klassisk gresk førestelling til det mytiske landet Hyperborea, området som den vidgjetne Olaus Magnus mange hundreår seinare skildra i sin Historia de gentibus septentrionalibus. Sjølvforståinga åt norske og russiske hyperbearar er ikkje ulikt når det kjem til stykke. Landskapet vårt er skint og berrt og det same pregar synet på oss sjølve. Sjølvbilete knytte til robuste plantar har norsk litteratur flust av, eit døme er Olav H. Hauge og finntoppen. Sjvarts ser seg sjølv som eit »blomedyr«, ein »elena arborea« som »held til i det iskalde Hyperborea, / i mursteinshagar der, gras av stein«, som det heiter i gjendiktinga av dette diktet i utvalet åt Jo Eggen.
Ronny Spaans