Ronny Spaans – Til tærne hennar II

Ronny Spaans

Til tærne hennar II

Så merkeleg det min kjæraste miste
før ho reiste av garde: tånaglen
på litletåa, det aller, aller minste
av det minste. Ho synte den vesle foten sin
med dei små, velskapte tærne,
»eg har aldri mist ein nagl før«,
sa ho, som det galdt det raraste
i livet hennar, stod om liv og død.
Ja, som om ho visste denne taggen
var siste rest av eit tusenårig tap,
den siste leivningen av noko
så mykje større som har lege bak.
Det ingen meir kan leite opp,
no den mest unødvendige funksjonslause
delen på ein menneskekropp,
men før ei sylkvass klo, eit forsvarsvåpen,
ein umissande, gjennomborande takk,
ein rispande brodd, fienden åt fliser,
ein klatrereidskap, eit stødig hakk
på steinhardt fjell og høge tre.
Kven hadde tenkt at denne hornplata
var siste rest av noko så fjernt
som fabeldyr: menader og kentaur,
kalde dyreklauver ned i snø,
klingande lyd mot stein og aur?
Kven andre enn min kjæraste veit
kor vondt det er å misse ein nagl?
Ikkje eingong ein liten maur
som på matjakt har greidt å forville
seg inn på det digre stovegolvet mitt,
veit kva som her har gått til spille,
kva utviklingssteg, kva dyreham
min vesle kjæraste har skift ut,
og no ligg etterlaten her ein stad
i det aller minste av det minste.

Leave a Reply

Your email address will not be published.