Joost van den Vondel – Til St. Maria Magdalena, måla av Sandrart

Joost van den Vondel
Til St. Maria Magdalena, måla av Sandrart

På fjellet, i ein bortgøymd krok,
med daudingskalle, kross og bok,
sat Magdalena i eit samvitsgnag
og gret: då henne vart ein dag
med englar boren fram til trøyst.
Ho ser koss natt med dag blir løyst.
Med augo raudsprengde og klar’
ser ho kva bodskap synet har:
Koss Engelen til Herrens pris
dreg banneret mot Paradis,
der uforgjengelege krona er
som alle trøysteslause gler.
Det lindrar hjarta hennar so
at ein kan anse trøysta gro
i andletet; slik som ein plar
i grålysninga å bli vár
eit lys som, etter mørkret, renn
og fyller henne smått om senn.
For dag og natt blir samansett
og lys og mørker går i eitt.
Ein ser at augo sender ut
ei glede blanda med ei sut.
D’ er tårer i kvar augnekrå,
men blidskapen der ovanfrå,
han stråler aug-krystallet ned,
so hugen smakar sælefred
og ånda hennar gjer seg sterk.
D’ er ende på alt hjarteverk.
Å for ei herleg skiftegong
når gråten blir til gledesong!
Ho gret men, gråten vende om
til glede og til herlegdom,
gøymd av åt ho til aller sist.
At Gud er tårer verdt er visst.

Tolkning: Ronny Spaans

Leave a Reply

Your email address will not be published.