Följande text har publicerats som en replik till Lina Undrum Mariussens recension av antologin Urblå Natt i nättidskriften Jung.no. Men den är ursprungligt skriven med tanke på andra kritiker av Urblå Natt som var lite väl självsäkra i sin uppfattning av traditionsmedveten poesi. Vi publicerar därför texten på nytt här.
Det er ingen god skikk å kommentere ei bokmelding. Ein kan fort framstå som ein kverulant, tråbukk og vrimopeis som ikkje unner bokmeldaren eit einaste snev av sjølvstendig dømmekraft. Dermed fell jo heile grunnlaget for bokmeldingar bort: ein overser det faktum at litteraturvurdering er basert på skjønn. Ein trur det er matematikk og at opphavsmannen alltid har den beste fasitten. Men slik er det heldigvis ikkje.
Eg er glad for at du melde boka vår. Du røykte oss ut av »det retrogardistiske revehiet vårt«, der vi årevis, utdatert og fjernt frå samtidslitteraturen, har diskutert »gammelmodige vendinger, rim og faste metriske mønstre«. At du fekk oss merkelege skapningar ut, jaga oss hostande og harkande i heksameter og daktylos og spyttande i trippel-kast-dobbel-kryss-tvers-rim ut av moldgangane våre og opp i det modernistiske sollyset og blenda oss med skepsisen din, men samstundes varma du oss i den opplysande gleda di, for du konstanterte: Det er »med overraskelse at jeg oppdager at det sia ti år tilbake finnes ei litterær gruppe forholdsvis unge menneske som kaller seg retrogardister«. Så her stod vi nækte og nakne, ei gruppe særingar frå mange forskjellige land som kalla oss »retrogardistar«, som om det var ein liten gjenlevande rest geirfuglar og drontar som moderniteten hadde gløymt å gjera det av med, og som du no i blandinga av oppdagarens store frygd og den rasjonalistiske skeptikarens tvil, undrast over å ha funne. Kva skal ein tru om slikt? Slike som oss var jo forlengst »avleggse«, vi stod ikkje eingong oppmelde i fugleboka, eller kanskje er det slik at vi vart fødde for tidlege – slike utidsmessigheiter høyrer ikkje til fortida, men til tida etter »den ironiske tidsalder«.
Men her stod vi stakkars drontar, på vår Urblå natts Mauritius, skjelvande til den grannaste fjørspissen, pissredde for kva du vil gjera: Ta fram macheten, kutte oss opp i småbitar og eta oss til kveldmat og utrydde heile arten, eller omfamne oss som ein siste gjenlevande-rest-eksistensiell-alvorlege-anti-ironikarar – ein »romantisk« flokk ugh-ugh-hola-hola-menn-og-kvinner som har bevart litt av stammekulturens truskuld, kroppsmåling, kollektivisme, sjamanisme og overtru, og som er så fantastisk unike at dei fornektar »det moderne menneskets krise og mistillit til språket«. Med vårt klumpenebb, kjempeskrott og vesle tradisjonalistiske stjert visste vi ikkje kva vi skulle gjera: Verpe plumpande eit retrogardistisk gullegg av eit klassisk meisterverk, eller rett og slett drite dei vakre, kvite drontefjørene våre brune og grøne av angst – for fly vekk kunne vi ikkje – kroppen og materien var for tung og dei metriske vengene for hjelpeslause stutte, dessutan hadde vi ingen metafysisk åndeleg himmel å flykte i, den var jo forlengst dekonstruert og bortforklart. Så stod vi der forsvarslause – lagnaden vår låg fullstendig i dine hender.
Men kva skjer! Til vår store forundring gjer du ingen av delane! Du smiler og kitlar enkelte av oss under drontenebbet, men dreg ned Donald Duck-buksa på andre og gjev dei ein real daske-dose dronte-rumpe-ris. Særleg meg. Dei stakkars metriske versa mine »faller til marka og slår seg kraftig«. Au, au, blåflekkar på jambane mine, eit par forstuva strofer og skrubbsår på dei maskuline og feminine ut- og inngangane mine. Huff, eg kan ikkje sitja på mange dagar…Så samlar du oss alle og gjev oss ei felles retrogardistisk lekse til neste gong ein eller annan skulle finne på å røykje oss raritetar ut: »For at retrogardismen som litterær bevegelse skal kunne tas på alvor må den enkelte retrogardist ta lærdom av dette: Være konsekvent i bruken av virkemidler og jobbe mer for å realisere poetikken sin i tekstene. Hvis ikke ender de opp med å kaste skam over de virkemidlene de påstår at de er tilhengere av, og da er det lett å stille dem opp mot veggen og anklage dem for å være useriøse poeter«. Första lektion i textsamtal-kursset är over och skoluppgiften får toppoeng! Javel, frøken, seier vi lågt, langsamt og forsiktig, og dronte-prompe-fjompar oss tilbake i hia og hola vi kom ifrå og lover å pugge metrikkens gangetabell, versekunstens ABC og rim-skalaens kasus-system minst hundre år til.
Eller eg kan fortelja det meir sakleg – men mindre presist: Eg synest du som bokmeldar opererer med for rigide skilje. Det verkar som om ein tekst anten er alvorleg eller humoristisk, tragisk eller komisk, autentisk eller ironisk. Det skal anten vera ei strikt bunden form eller frie vers – det finst liksom ingenting imellom. Røyndomen er meir komplisert – slik har det alltid vore, les berre dikta til François Villon, ein humoristisk eksistensialist. Føreordet til antologien er nok problematisk, men det er heller ingen direkte bruksanvising på dikta våre. Det inneheld vage liner og tendensar til ein poetikk, men fungerer kanskje mest ein kritikk av for dominerande poesisyn i samtida. Og det tyder ikkje at vi skulle stå for det rakt motsette, og heller ikkje at vi er eit »ironisk uttrykk i tida« – ei slags protestrørsle mot alt og alle.
Det som hovudsakleg er problemet – og det er ikkje din feil – er at det finst for lite kunnskapar om »tradisjonen« i norsk samtidspoesi. Vi representerer så mykje meir enn den dødsalvorlege øverlandske-du-skal-ikke-sove-rim-og-rytmen på 1950-talet, det som dei fleste assosierer med bundne vers. Vi hentar meir inspirerasjon hos mellomalderdikarar, den nemnde Villon eller walisiske poetar som Dafydd ap Gwilym, som hos »romantiske« 1800-tals lyrikarar. Og det finst heller ingen »vi« eller »tradisjon«. Bill Coyle som er med i antologien, høyrer til New Formalismen i USA – som er like lite »tradisjon« som språkpoesien (Languagepoesien) i USA. Begge retningane er samtidspoesi. Poetar i både retrogardet og New Formalism interesserer seg for namn i internasjonal samtidspoesi som dessverre nesten ingen kjenner til i Noreg: Annika Myhr og eg har til dømes hyperbolane, det barokke utrykket og humoren frå dei russiske poetane Elena Shvarts og Bella Akhmadulina. Diktet mitt om Orfeus – der han køyrer ned til den mørke helheimen i bil – er inspirert av eit dikt av den polske diktaren Czeslaw Milosz. Hos Milosz køyrer Orfeus heis… Eg kunne nemne andre namn: Derek Mahon, Derek Walcott, AD Hope, Nuala Ni Dhomhnaill, Dana Gioia, Durs Grünbein, Luuk Gruwez osv. Når det gjeld metrikken: det er mange typar metriske dikt representerte i antologien, og dei treng ikkje ha RIM for å vera bunden form. Og brot på metriske mønster er fullt mogeleg og tillate, somtid òg påkravd. Det er har føregått debattar om dette i USA og Nederland. Poeten AE Stallings skreiv at: »Inexact rhymes now and then are far more pleasing than correct ones«. (ho har skrive ei god innføring i versekunst: http://www.alsopreview.com/aside/aesthoughts.html). Ganske mange »rim-og-rytme-poetar« ville skrive under på utsegna hennar.
Men så klart, vi kan ikkje dirigere lesarane til fyrst å lesa desse diktarane og deretter studere dikta våre. Så er eg tilbake til byrjinga. Kor mykje skal ei bokmelding byggje på skjønn, kor mykje på kunnskapar. Det må vera ei sunn blanding av dei begge. Men når det gjeld Skandinavia er det ingen tvil om at kunnskapane om internasjonale storleikar som Walcott og Milosz er skamfullt mangelfulle. Kunnskap-ane om den metriske poesien har stagnert i ein Arnulf Øverlandsk metrikk frå 1950-talet. Tungetaledebattens bodskap har ikkje vore utslagsgjevande på bunden dikting, berre på frie vers. Og som kjent stod Tungetaledebatten ikkje berre mellom Arnulf Øverland og representantar for frie vers som Paal Brekke, men òg mellom Øverland og Claes Gill, altså mellom to ulike oppfatningar av bunden dikting. Som du jo skriv: »Kanskje sier det noe om tillærte forventninger, når jeg har større sans for det tradisjonelle preget i kombinasjon med mer alvorlige temaer«.
Men vi skal ikkje undervurdere dei intuitive innsiktene. Det er mykje vi kan lære frå meldinga di, både om poetikk og poesi, og vi retrogardistiske drontar er kjempeglade for det du skreiv om oss! Men innvendig er vi litt lei oss for at du ikkje kjente att alle dei metriske dronteformene våre og ikkje sette oss i samband med den store internasjonale fleirgreina og artsrike drontefamilien.
Ronny Spaans