Nok dikta om kjærleiken i dag – om nederlandsk samtidslyrikk

Dikt oppstår ikkje av det tomme ingenting. Fantasi og gode idéar må til, men det er ikkje nok. Omgjevnaden tel med. Påverkninga frå den føregåande diktargenerasjonen er ikkje minst viktig. Diktarar let seg inspirere av den førre diktargenerasjon og formar poetikken som eit framhald av det litterære programmet deira, eller dei utfører det vidgjetne litterære fadermordet, avviser foreldregenerasjonens litteratursyn og utviklar seg i motsett retning. Men kva dei enn gjer, så var føresetnadene for valet lagt til grunn av den førre diktargenerasjonen. Valet skjer i eit historisk rom.

Eit godt døme på dette finn vi på slutten av sekstitalet i motsetninga mellom Profilpoetane på den eine sida og Peter R. Holm og Stein Mehren på den andre. Dei høyrer strengt teke ikkje til den same generasjonen, men det var no likevel dei som kom til å forme den viktigaste litterære fronten i samtida. Profilistane Tor Obrestad, Jan Erik Vold og Einar Økland gjorde opprør mot ei føregåande romantisk-klassisk lyrisk retning. Holm og Mehren såg derimot ikkje noko markant skilje mellom sine dikt og dikta til føregåande forfattarar som Gunnar Reiss-Andersen og Olaf Bull. Eit litterært motsetningsforhold mellom profilistane og Mehren var dermed uunngåeleg. Det ulike litterære programma vart på grunn av dette motsetningsforholdet polarisert. Det kom ikkje berre til å danne to skarpt åtskilde litterære retningar, men òg til å sementere to klårt ulike utviklingsvegar i det norske poesilandskapet, der profilpoesiens retning klårt fekk størst institusjonaliserande kraft. Det fekk igjen fylgjer for yngre generasjonar.

Profilistane fremja konkretisme, medan Mehren stod for ein metafysisk poetikk. Anten skreiv du light talk eller patosfylt  – anten »besinnelse« eller »besvergelse«, dei kjente inndelingskriteria som Jan Erik Vold introduserte. Espen Stueland kjem med ein interessant påstand i essayet »Stein Mehren poesi og den norske og danske kritikken« i Som du holder mitt hjerte i din ømhet (2004). Han hevdar at då dette motsetningsforholdet miste fotfeste, frigjorde det litterære krefter hos Mehren og skapte det høgdepunktet vi no er vitne til i forfattarskapen. Kritikarane meiner at dei to siste samlingane kan kjenneteiknast like mykje ved konkretisme som ved patos, utan at desse elementa utelukkar kvarandre.

Forståingshorisonten frå 60- og 70-talet har dominert lenge og ofte stengd for andre, meir konstruktive fortolkningsmodellar. Eg treng berre nemne Olav H. Hauge og korleis han har vorte rive mellom termane modernisme og romatikk. Om han var modernist eller ei, vart definert eine og åleine utfrå kriteria frie vers eller bunden form, konkretisme eller metafysikk. Kikar vi derimot i Hauges dagbøker ser vi at den klårsynte anglofile skalden opererte i eit heilt anna og meir nyanserikt litterært rom – eit rom i samsvar med poesidebattane i engelskspråklege land. Her diskuterer han til dømes motsetninga mellom diktarar som T. S. Eliot og Robert Graves, plukkar ut sine favorittar og brukar dei som inspirasjonskjelder for si eiga diktskriving. Terrenget i det norske litterære landskapet har ikkje heilt opna for ei vidare utforsking av denne sida av forfattarskapen. Få problematiserer dei ferdig opptrakka stiene.

Men det er ikkje norsk poesi denne artikkelen skal handle om. Eg vil ta for meg fem unge nederlandske samtidspoetar. Introduksjonen forklarar likevel ein viktig utviklingsmekanisme som gjeld for alle lands litteraturarenaer. Dikt oppstår ikkje av det tomme ingenting. Uavhengigheitserklæringar kan ein alltids finne hos unge diktarar – til dømes hos nederlenderen Daniel Dee (f. 1975) som hevdar at det litterære utrykket hans er »ein utemma hest som spring fritt og uavhengig i det ville«. Han gjer opprør mot alle litterære retningar, skriv han, og lever berre på fantasi. For ein utanforståande er det likevel lett å sjå at Dees tekstar inneheld element som er særeigne for nederlandsk poesi. Slik er det berre – anten diktaren er medviten eller umedviten om det.

Den finst sjølvsagt oppfatningar og røynsler ein generasjon deler uavhengig av landegrensene og som gjev impulsar til samtidige internasjonale litterære straumdrag. Men ein skal likevel ikkje stikke under stolen at to nærskylde land på same tid kan ende med å utvikle to heilt ulike poesilandskap. Det kjem vi ikkje unna når vi jamfører poesien i Nederland med poesien i Noreg. Eg kjem tilbake til dette punktet seinare i teksten. Mange nederlandske samtidslyrikarar deler poetikk med norske samtids-lyrikarar, men det finst òg mangt i nederlandsk litteratur som er heilt framandt for norske lesarar. Dei poetane eg vil presentere her er prov på det.

Fyrst vil eg likevel peike på nokre viktige hovuddrag i nederlandsk poesi. Nederlandsk er ikkje berre offisielt språk i Nederland, men også i Belgia, Suriname og på dei nederlandske øyane i Karibia. I alle desse områda har den nederlandske litteraturen utvikla sine særdrag. Ein skal heller ikkje gløyme dotterspråket til nederlandsk, afrikaans, eitt av dei offisielle språka i Sørafrika. Det kulturelle sentret for desse nederlandskspråklege områda er Amsterdam. Ein nederlandskspråkleg diktar i Belgia (som er det same som sørnederlandsk eller flamsk diktar) får fyrst seriøs mottaking hos kritikarar og literatar når han eller ho kjem ut på eit amsterdamsk forlag. Dette gjeld i mindre grad for sørafrikanske lyrikarar som understrekar ein afrikansk identitet. Men vi finn likevel døme på det omvendte. Veteranen i sørafrikansk lyrikk, Elisabeth Eybers (f. 1915) har budd i Amster-dam store delar av sitt liv og skriv like mykje for eit nederlandsk publikum som for eit sørafrikansk publikum.

Den fyrste poeten eg vil ta føre meg er Alfred Schaffer (f. 1973). Han er eit levande prov på den geografiske utbreiinga av nederlandsk. Han har hollandsk far, mor med røter i den karibiske øya Aruba, har vakse opp Nederland, i Den Haag, men bur no i Sørafrika. Han er tilsett ved Universitetet i Kappstaden (Cape Town) og er ein viktig link i eit stadig tettare kultursamarbeid mellom Nederland og Sørafrika. Schaffer opptrer like mykje på nederlandske poesiscener som sørafrikanske scener. Sjølv nemner han uro, angst, mistanke og nyfikne som kjensler som motiverer han til å skrive. Han har skrive diktsamlingane Zijn opkomst in de voorstad (2000), Dwaalgasten (2002), Definities & Hallucinaties (2003) og Geen hand voor ogen (2004). Miljøet i dikta, som aldri blir uttalt, er sørafrikansk. Dikt er snapshot av eit større panorama, dei trekkjer ingen konklusjonar og har ein framandgjerande effekt. I diktet »stillstand en beweging« har Schaffer lykkast i å gje att den trugande stilla på ein stad som vi vanlegvis assosierer med rørsle:

Stillstand og bevegelse

Blinkende lamper over stasjonens hovedinngang,
trykkende som i en kjele. Slik kunne en lovsang begynne.

Et godstog raser forbi spor 9, i en ukjent time
en minuttlang stripe som får betonget til å drønne,

de forlatte trappene, ubemannede luker, digre
plakater som priser sigaretter, radiofrekvenser, parfymer –

strålende ansikt. Pisslukt. Og ikke en eneste vanndråpe
å se etter en skinnende dag. Under andre omstendigheter var

det ennå lys, alt forberedt til punkt og prikke, valget
mellom retur og enkeltbillett. Hastverk var befalt.

Dei nederlandske poetane Serge van Duijnhoven (f. 1970) og Ramsey Nasr (f. 1974) kan også kjenneteiknast ved ein allsidig kunstnarbakgrunn. I tillegg har dei forlate sine fødeland. Duijnhoven og Nasr kjem frå Nederland, men bur no i Belgia.  Den nederlandsk-palestinske Ramsey Nasr har drive med kunstverksemd innan både teater og poesi, noko dikta hans uttrykkjer. Dei to diktsamlingane han har gjeve ut, 27 gedichten en geen lied (2000) og Onhandig bloesemend (2004), inneheld mellom anna ei sjeldan diktform, den dramatiske monologen – ei diktform som var populær under romantikken og som Nasr har sett seg føre å revitalisere. Dramatisk monolog er ein einetale uttalt i ein bestemd, ofte kritisk situasjon av ein person klårt avskild frå diktaren. I den fyrste samlinga har Nasr late seg til inspirere av gresk mytologi og skrive ein monolog til songaren Orfevs, medan han i den siste samlinga har gått til musikken og forma ein einetale til den klassisk modernistiske komponisten Sjostakovisj. Nasr er såleis ein diktar med eit klassisk litterært fundament, men han er klassisist med visse atterhald. Han frå-bed seg etikettar som »romantikar, performancekunstnar, slukar av poesibøker og medlem av ein intellektuell elite«. Og han understrekar at han føretrekkjer å lesa før-romantisk poesi – høgsongen, mellomalderdikt og sufidikt – framfor romantisk 1800-tals- eller 1900-talslyrikk.

Nasr har vore mykje framme i media i Belgia i det siste. Ifjor utnemnde Antwerpen kommune han til »stadsdichter«, bydiktar. Tilskipinga med bydiktarar kom til på slutten av førre hundreåret og har vorte møtt med begeistring i fleire belgiske og nederlandsk byar. I dag engasjerer dei fleste store nederlandskspråklege kultusenter ein slik bydiktar. Ein høvande lyrikar blir tilsett som bydiktar for ein toårsperiode og mottek kvart år eit stipend. Antwerpen og Groningen er dei rausaste byane, dei heidrar sine diktarar med stipend på seks tusen euro. Diktarar opptrer med jamne mellomrom i radioen og i konsertsalar og seier fram sine vers. Men det handlar ikkje om lovdikt til byen. Heller tvert imot. Nasr viser ein sosialt engasjert poesi. Diktet han skreiv denne sommaren tematiserer flyktningars buforhold i Antwerpen:

Huset av honning og melk

Kvinnen i det staselige Zuid finnes ikke. Hun ligger begravd om dagen.
Hun leier sekund og timer i ein dyr, usynlig by.
Huset som kvinnen bor i, finnes ikke. Jeg vet hvor. I denne gata
ligger bygårdenes tausheten, et hull fylt med rom.

Kvinnen, som aldri forlater huset, er månebleik og forkommen,
bor egentlig ikke i et grumsete svart hull bak Volksstraat.
Noe slikt går ikke an, det finnes ikke. Hun bor altså heller ikke.
Dette forklarer hele saken: ugyldig kvinne har gjemt seg som natten.
(…)
Antwerpen, du skjønne by, fylt med usynlig fortvilelse.
Leietagerne av ditt paradis, søkte honning og eplenektar.
Men du matet dem med bitre bier, blytung melk. Likevel ble de.
Si du det da. Hva skal et menneske gjøre med fremmede?

Antwerpen, fortell oss, hva gjør vi når kakerlakkene er bøtelagt,
hullene er i varetekt, muggen bevart i et arkiv?
Hva gjør vi med overskuddet, en kvinne med fire barn?
De som alltid står på reisefot. Heldigvis finnes det formular.

Det er godt å beskue sin egen by. Vi vil også bidra. Vi vil
telle våre illegale, navngi dem og integrere dem i en celle,
et inngjerdet hull. Men fortell meg som det er. Snakk tydeleg flamsk og si:
Gå under i en fuglefri flukt, dukk ned i Scheldes lys.

Den andre nederlendaren i Belgia, Serge van Duijnhoven, har vore aktiv innanfor fleire felt i nederlandsk kunst og litteratur, mellom anna som journalist, romanforfattar, arrangør av poesihappenings og som redaktør av tidsskriftet MillenniuM (1993-1999), som hadde til føremål å fremja »kreativ refleksjon« i det siste tiåret før århundreskiftet. Som journalist arbeidde han i Bosnia og skreiv om sine erfaringar frå det krigsherja landet i We noemen het rozen (1999).

Men Duijnhoven er fyrst og fremst lyrikar og arbeider i grenselandet video, film og poesi. Dei to siste bøkene hans har difor ein cd vedlagt (fleire og fleire nederlandske forlag utstyrer sine diktsamlingar med cd). Duijnhovens poesi er av ein ekspansiv karakter. Han let seg inspirere av ulike genrar innanfor hiphop, særleg housemusikk. Han har kombinert poesi med house i samarbeid med en saksofonist og en rappar i kunstnarkollektivet Spooksprekers. Den siste diktsamlinga hans kom ut i 2003 og heiter Bloedtest. Diktutdraget nedanfor tematiserer døden og er henta frå diktet »Zo komt het« frå samlinga Obiit in orbit (1998):

Slik kommer det. Det du aldri vet,
så mye du enn prøver å gripe det. Den store hemmelighet
hos Rumi Djal’alladin. Det ufattelige ingenting
hos Mester Eckart. Nietzsches ingenting
som er alt. Reduksjonen ad absurdum
hos Descartes. Den stygge svarte tomhet
hos Sartre. Slik kommer det. Hvordan du enn ønsker
eller forbanner det, eller ser det for deg:
som en gapende stillhet, mørkets vakuumsjø,
som Guds syrlige grøt-ånde. Hans utspydde bly
som veikanten dekt med utbrent skrap
eller lovnader om den hellige by,
som den avsvidde bredden
av en fordampet elv. Som sørgelighet
eller feighet, som kveling eller som begjær,
slik kommer det og kommer det og kommer det
også her.

Duijnhoven og Nasr er nederlendarar som bur i Belgia. Med tanke på deira diktarstemme og litterære slektskap er det ikkje tilfeldig. Duijnhoven gav i sin diktantologi, Aan ieder spijker een regel (1995), plass til fleire flamske diktarar som var ukjende for eit nordnederlandsk publikum. Dei kan kjenneteiknast meir ved ein belgisk poesitradisjon enn ein nordnederlandsk eller hollandsk lyrikktradisjon. Den ekspansive linja Duijnhoven fylgjer, overskotet, humoren, patosen, det barokke utrykket og biletrikdomen, har nemleg alltid hatt betre vekstvilkår i det katolske Belgia enn det protestantiske Nederland.

Granskar vi det litterære straumdraget som kanskje har hatt mest å seia for moderne nederlandsk poesi, blir dette stadfesta. Samstundes som striden mellom Mehren og profil-gruppa herja på det norske parnasset på 70-talet, feidde den nyromantiske bylgja over »Dei låge landa« (eit samleomgrep for Belgia og Nederland). Straumdraget utarta seg vidt forskjellig i dei to landa. Nyromantikken i sør vart dominert av ein manierisme og romantikk med eit ironisk, surrealistisk forteikn. Unnatak er diktarar som Jotie t´Hooft (1956 – 1977) og Luuk Gruwez (f. 1954). Dei debuterte seinare i den romantiske bylgja og dempa den relativiserande ironien og la meir vekt på sensibilitet og autentisitet.

Nyromantikken i nord hadde derimot ei kontrollert, distansert tilnærming til poesien. Den borgerlig-protestantiske tradisjonen tillet ikke overskot og manierisme på same måte som i Belgia. Dikta skulle heller krydrast med små humoristiske poeng – light verse og pastisj av studentlyrikken på 1800-talet. Gerrit Komrij (f. 1944) var nyromantikkens fremste talsmann i nord.

Etter nyromantikken kom Gerrit Komrij til å halde fram med å vera i forgrunnen. Fram til 2004 bar han den uoffisielle tittelen »Dichter des Vaterlands«. Han har vore like aktiv som poesiformidlar som poet – altså same dobbeltrolle som Jan Erik Vold innehar, autoriteten i norsk poesi. Men her må ein atter vera klar over skilnadene i det norske kontra det nederlandske poesilandskapet. Ein belgisk romantisk manieristisk-surrealisme eller ein nordnederlandsk light-verse-romantikk ville aldri kunne oppstå i Noreg. Det nøkterne og minimalistiske linja profildiktarane la til grunn for sitt poesisyn og som vi enno ser spor av hos unge norske diktarar, har ikkje kunna tillata ei slik omfattande nyromantisk rørsle.
Medan den metriske diktninga har hatt dårleg vekstvilkår i Volds kjølevatn, dyrkar Komrij sjølv sonnetteforma og har stimulert til liknande dikting hos yngre lyrikarar. Den nederlandske samtidspoesien rommar difor mange poetar som fylgjer ei klassisk metrisk form. Dei to siste diktarar eg presenterer i denne artikken, er døme på dette: Menno Wigman (f. 1966) og Hagar Peeters (f. 1974). Begge har, ikkje uventa, fått gode skotsmål av Gerrit Komrij.

Menno Wigman er ein av de mest kjente unge diktere i Nederland. Etter ein karriere innan punkmusikk, gjekk han over til litteraturen. Wigman har aldri lagt skjul på sin litterære bakgrunn, korkje som diktar eller gjendiktar. Han dyrkar den romantiske dekadensen frå byrjinga av 1900-talet. Men samstundes er dikta hans prega av ei moderne stemme og eit energisk nærvær i vår tid. Han er ein kjend diktopplesar og fylgjer ein raffinert rytme- og rimbruk, der assonsane står sentralt. Diktsamlingar han har skrive er s´ Zomers stinken alle steden (1997), Zwart als kawiaar (2001) og Dit is mijn dag (2004, boka vart utselt etter to månader). Wigman har gjendikta Charles Baudelaire, Gerarde de Nerval, Rainer Maria Rilke og Else Lasker-Schüler til nederlandsk. Diktet »Nachtrust« inneheld romantiske tema: natta, våren og den lunefulle kjærleiken. Men her er det ikkje tale om tung symbolistisk dikting. Den lette og humoristiske samanlikninga mellom vanviddet i hans gamle kjærleikstokter og kvinet av yre katter i vårnatta gjer diktet lett å svelgje for moderne lesarar, utan at det misser funksjonen som ei inderleg og ærleg kjærleikserklæring:

Nattehvile

Kveld. To hager lengre unna raser våren
og kaprere lister seg igjennom mørket.
Et eller annet sted krafser klør om en fell. Kvin
etter kjærlighetens smuler. Sundbitte ører.
En brunstig krig langt inn i vårnatten.

Nesten glemt hvordan jeg med samme vanvidd
jaget gjennom natten, hvordan du enda lumskere
enn katten slo dine negler i tre hjerter.
Så lenge siden, og så vakker du ennå er.

Jeg har telt dagene én for én
og med de beste ordene jeg har:
jeg elsker deg. I deg finner jeg natterom.

Og det våres og vi deler her den samme
natten med alt det det innebærer.

Hagar Peeters har gjort stor suksess med samlinga Genoeg gedicht over de liefde vandaag frå 1999. Men det rare er, suksessen tok til lenge før debuten. Det mest sentrale diktet i samlinga – det diktet som samlinga er oppkalla etter – vart nemleg kjent to år før samlinga kom ut. Forklaringa finn ein i den utbreidde diktopplesing- og performancekulturen i Nederland. Det finst flust av kafear som arrangerer diktopplesingar, nasjonale og lokale dikt-tilstellingar og universitet og byar som hysar sine eigne husdiktarar. Eit dikt kan leva lenge som ein lyrisk »slager« på kafear og i poesihappenings før det får sitt skriftlege uttrykk i ei diktbok. Poesikveldar er populære, ikkje minst for diktaren. I eit land utan innkjøpsordning kan romslege honorar hjelpe på.

Det er ikkje usannsynleg at den populære hollandske kabaret- og revykulturen har hatt mykje å seia for denne opplesingskulturen. Den allsidige nederlandske scenekunstnaren Toon Hermans (1917 – 2000) som nesten alle nederlendarar har videoopptak og cd-ar av, gav til dømes ut fleire diktsamlingar. Den nordnederlandske nyromantikken med sine små humoristiske poeng må også forklarast utfrå nederlendarane sin forkjærleik for show og revy. Han har ikkje uventa gjeve grobotn for nærskylde showgenrar som stand-up-komikk og slam-poesi.

Ein lesar vil automatisk spørja seg: Kva med den litterære kvaliteten? Når poesien går i eit symbiotisk forhold med lettfengjande uttrykk som hip og hop eller utgjer ein del av eit større sceneshow, er ikkje sjansen stor for at desse omgjevnadene heller verkar tildekkjande på dårleg poesi enn at dei medverkar til at god poesi blir lyft fram? Slik er det nok i enkelte tilfelle. Ein må likevel døme kvart tilfelle for seg og ikkje skode hunden på håra. Hagar Peeters er ein av dei som har lykkast i å sameine god opplesingskunst med gode dikt. Utanom samlinga Genoeg gedicht over de liefde vandaag frå 1999 har ho gjeve ut biografien Gerrit de Stotteraar (2002) og diktsamlinga Koffers zeelucht (2003). Her til sist er diktet »Genoeg gedicht over de liefde vandaag« i norsk språkdrakt:

Nok diktet om kjærligheten i dag,
for mens jeg sitter og dikter om livet
får jeg ikke muligheten til å drive
den kjærligheten jeg skulle beskrive.
De egenskapene jeg gav deg på papir,
er de egenskapene du ikke har.
Du kysser og forlater som det faller deg inn,
men kommer jeg, er du aldri klar.
Slik går det, sier de, alltid i virkeligheten.

Alle elskerne med sine lukkede dører.
Om eg stadig måtte sminke meg, prøve
kjoler og ikke engang fikk tid til å dikte,
da ville jeg gå fra forstanden.
For dikteren ved arket og pennen
hun har alltid svaret for handen,
for du sårer henne, slik som hun planla,
– selv om også ordene snur henne ryggen:
de er minst like utro som elskerne hennes.

Men ikke mine ord. Jeg har dem under oppsikt.
Aldri har poesien lystret en strengere mor
enn meg. Jeg holder mitt avkom inntil brystet:
»hold dere alltid, sier jeg dere, unna menn«.
Men nei da, så enkelt er det ikke med blekk.
Det ligner blodet, det renner hvor det lyster.
Javel da, sier jeg, fly da bare vekk,
bli bare ikke med den første, beste mannen hjem.

Ronny Spaans

Leave a Reply

Your email address will not be published.