Nynorsken er på vikande front. Og han har lenge vore det. Kva skal gjerast for at målsaka kan få vind i segla att? Sist helg vart det gjort freistnader på å svara på det. Det var debatt på Litteraturhuset i Oslo. «Har nynorsken ei framtid som riksspråk» var temaet. Attom spørsmålet kan det gamle slagordet «Nynorsk som einaste riksmål i landet» skimtast. Men dén saka er alt avgjord: Bokmålet har vunne den norske språkstriden. Spørsmålet fekk dermed eit anna innhald: Skal ein framleis kjempe for nynorsk som landsdekkjande språk eller bita i det sure eplet og sannkjenne at målet er vorte eit regionalspråk?
Om ein ser bort frå dei bokmålske byane Bergen, Stavanger og Ålesund, og om ein ser bort frå enkelte nynorske øyar austanfjells – i Telemark og Oppland – er det Vestlandet som nynorsken har gjort til kjerneområdet sitt. Men sjølv her er målet truga. I ytterkantane av fylket tek bokmålet stendig større jafs. Nynorsken tapar i skuledistrikt etter skuledistrikt. Nynorsken er ikkje riksspråk lenger, men vorte eit regionalsspråk.
Om nynorsk tapar terreng, så garanterer sidemålsordninga likevel for at nynorsken blir bruka over heile landet, vart det framheva på Litteraturhuset. Men denne framtida er òg uviss. Svært mange skuleelevar opplever sidemålsundervisning som ei meiningslaus byrde. Om sidemålsundervisninga ikkje bør leggjast ned, må ho takast opp til debatt. Men er målfolket klar for ei slikt oppgjer? Ordbruken til nynorskfolk når det er debatt om sidemålsordninga, er svært interessant. Det handlar om ikkje motsetnaden regionalspråk versus «riksmål», men mellom regionalsspråk og «statsspråk».
Statsspråk – ein må smaka litt på det ordet. Det uttrykkjer nett den vanlagnaden nynorsken er hamna i. Nynorsk er statens språk. At ingen reagerer på ordvalet røper kor innsausa målfolk er i statlege stønadsordningar. Skal dét vera nynorskens omdøme i framtida, er sidemålsdebatten likevel verd å ta.
I debattar om nynorsk som regionalspråk har ein nynorsk som bruksspråk som utgangspunkt. Ei anna vinkling til problemstellinga gjeld nynorsk som identitetsspråk. Om vi jamfører posisjonen til nynorsk i Noreg med stoda til gælisk i Irland, kjem skilnaden på desse to innfallsvinklane godt fram. Om talet på brukarar av gælisk er lågt, er talet på folk som identifiserer seg med språket likevel høgt. Ei undersøkjing har vist ein liknande tendens i Noreg. Endå om ungdomen i Valdres byter over til bokmål, identifiserer dei bokmålsskrivande valdrisane seg likevel som nynorskmenneske. Kanskje ligg framtida til nynorsken i denne omdefineringa av folks tilhøve til målforma. Ikkje berre stoda åt gælisk i Irland men òg walisisk i Wales kan lære oss mykje. Det handlar om den nynorske identiteten.
Kva inneheld så ein nynorsk identitet? Går vi til litteraturen kan vi finne svar. Nynorsk blir ofte knytt til motkulturane. I mellomkrigstida tydde til dømes Oslodramatikaren Oskar Braaten til landsmålet for målbera ein maktkritisk bodskap. Det same gjorde nordnorske forfattarar som Kine Hellebust og Geir Pollen i 70-åra. Nynorsken hadde ei radikal kraft som fekk det til å grysje ned ryggen på riksmålsforfattarane. Dei siste tiåra har nynorsken dessverre kome i bakleksa. Den såkalla «skitne realismen» til Jonny Halberg og Kyrre Andreassen er eit godt døme. Godt nok uttrykk for motkulturell slagkraft finn dei i ein dialektnær bokmål, ikkje i nynorsken, den målforma det var naturleg for generasjonane over dei å til.
Korleis er det med unge forfattarar i dag? Nynorsken er ikkje heilt borte mellom dei unge forfattarane, heldigvis. Han har enno ei motkulturell tiltrekkingskraft. I miljøa som dyrkar den norske kulturarven, særleg den norrøne fortida vår, har nynorsken fått ein fornya vitalitet. Diktarane Erlend Nødtvedt og Cornelius Jakhelln er begge gode døme. Dei kjem frå bokmålskommunar, men har funne det rette litterære instrumentet for den norrøne patosen sin i nynorsken. Det same kan seiast om bøkene til Lars Ove Seljestad, endå om han har nynorskbakgrunn. Den nye rolla nynorsken her spelar, er på ingen måte ny. For desse forfattarane er det ikkje lenger det sosiale eller pedagogiske argumentet som gjeld, men det gamle nasjonale. Men det skal understrekast at norskdomen deira ikkje er ein framandfientleg nasjonalisme. Han uttrykkjer ein økologisk vilje til å verja om ein genuin norsk eigenart i eit fleirkulturelt samfunn. Det er denne plattformen nynorskfolk må basere målarbeid på i framtida. Det heitte før at målfolk laut “odle nynorskhagen”. I dette økologiske jordbruket er vokstrane heilnorske plantar og urter. Bokmål er dansk, nynorsk er norsk – slik er det berre.
(Dette er ein omarbeidd versjon av ein kronikk som stod på trykk i Klassekampen tysdag 26 oktober)